Skule og barnehage    -    Skulefritidsordninga 
Kommunale tenester  >  Skule og barnehage  > Skulefritidsordninga

 


(Sida vart sist oppdatert 06.07.2010 .)   (Påmeldingsskjema til SFO finn du her.) 
(Vedtekter for SFO finn du her.)
(Betalingssatsar for SFO  finn du her)

 

INFORMASJON OM SKULEFRITIDSORDNINGA VED
GJERDE SKULE OG NORDBYGDA SKULE 

Leiarar for skulefritidsordninga i Samnanger kommune er:

Nordbygda skule: Rektor Kjersti Mellingen Bruvik, e-post: rektor@nordbygda-skule.no

Gjerde skule: Rektor Marit Kulild, e-post: marit@gjerde-skule.no

 

SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO):
Skulefritidstilbodet i Samnanger kommune er eit omsorgs- og aktivitetstilbod for barn frå 1.trinn til 4. trinn og funksjonshemma barn i 1-7. trinn. Skulefritidsordninga skal saman med heimen skapa trivsel og gode oppvekstvilkår for kvart einskild barn. Heilskapen i aktivitetstilbodet vert vektlagt. SFO skal drivast i tråd med skulen sitt verdigrunnlag og vedtektene for SFO. Rektor er ansvarleg for skulefritidsordninga ved skulen. Denne informasjonen inneheld eit samandrag av vedtektene. 

INNHALD I SKULEFRITIDSORDNINGA
Rammeplan for skulefritidsordninga er vedteken i kommunestyret. Rektor ved kvar skule har ansvar for at SFO lagar ein plan for skuleåret. Brukarane ved foreldra vert inviterte til å vera med i dette arbeidet.

Planen for skulefritidsordninga bør seia noko om kva ein ventar av tilbodet og kvarandre. Han må og innehalda ei grovskisse over aktivitetane gjennom året. Hovudvekt bør leggjast på SFO som base for fri utfalding og bruk av uteområdet kring skulane. 

Praktiske opplysningar for foreldra

Telefonnummer: 

Gjerde skule (kontor)

56589980

SFO Gjerde skule

56589987

 

 

Nordbygda skule (kontor)

56589900

SFO Nordbygda skule

56589910

 

 


De kan ringja til direkte til SFO morgon og ettermiddag og heile onsdagen til den skulen der SFO er.

Det er fint om de kan kontakta rektor på e-post for å gje opplysningar og informasjon. 

Gjerde skule: Rektor Marit Kulild, e-post: marit@gjerde-skule.no

Nordbygda skule: Rektor Kjersti Mellingen Bruvik, e-post: rektor@nordbygda-skule.no

 

Planen bør seia noko om følgjande punkt:
· samsvar med skulen sine mål og retningsliner
· frie/organiserte aktivitetar
· felles/gruppeaktivitetar
· fri/organisert leik
· eventuelle aktivitetar i samarbeid med frivillige organisasjonar

KOSTNAD
Kommunestyret vedtek kvart år betalingssatsane for SFO-tilbodet i samband med handsaming av budsjettet. Kostnad kvart skuleår går fram i betalingshefte for kommunale avgifter.

BETALING FOR OPPHALD
Opphaldet skal betalast kommunekasseraren på forskot innan den 20. i kvar månad. Betaling for opphald i skuleferiar er inkludert i månadssummen i høve til kor stor plass barnet har. Ved sjukdom hos barnet ut over 14 dagar, der ein kan leggja fram attest frå lækjar, vert det gjeve betalingsfritak for fråversperioden. Barn som treng ekstrahjelp i SFO, kan få det utan ekstrakostnad for foreldra.

Betalinga er for 11 mnd og gjeld for eit SFO-tilbod på 210 dagar. Desse er fordelt på 190 dagar i tråd med skuleruta, og 20 dagar utanom skuleruta til opphald i feriar. Eit barn med 100% plass kan t.d. bruke 5 dagar i haustferien, 5 dagar vinterferien og 10 dagar i sommarferien (td. 5 dagar etter skuleslutt og 5 dagar før skulestart). Barn med redusert plass vil kunne ta ut feriedagar i høve til sin prosent. 

OPNINGSTIDER
Opningstidene i SFO følgjer opningstidene i barnehagen. Det vert gjeve tilbod om SFO frå klokka 7.00 til skulestart om morgonen, og frå skuleslutt til klokka 16.30 om ettermiddagen. På ein av skulane vert det tilbod om SFO kvar onsdag frå kl. 7.00 til kl. 16.30. Skuleåret 2009/2010 er tilbodet på onsdagar på Nordbygda skule SFO. Neste skuleår (2010/2011) vert tilbodet på onsdagar på Gjerde skule SFO. SFO er stengt laurdagar, alle helgedagar, jul- og nyttårsafta. Ordninga stengjer kl.12.00 onsdag før skjærtorsdag. Etter ferien, som er lik for barnehagen og SFO, vert det gjeve tilbod om heildagsopphald fram til skulestart. Når det gjeld haustferie, jul- og vinterferie og andre fridagar og vekene frå skuleslutt fram til ferien, vert det sendt ut påmeldingsskjema. Påmeldinga er bindande. Ferietilbodet vert til vanleg gjeve vekselvis på ein av skulane.

PLANLEGGINGSDAGAR
Skulefritidsordninga har 5 planleggingsdagar pr. år. Då er SFO stengt. Desse dagane vert dei same som for skulen.

MÅLTID:
Det vert eit enkelt måltid på onsdagar. Elles må barna ha med seg ekstra matpakke og eventuelt mjølk.

INNTAKSPERIODAR:
· Hovudinntak av barn skjer i vår halvåret og gjeld for eitt skuleår. Påmeldinga må vere skriftleg.
· Inntak i skuleåret kan og gjerast og gjeld i regelen ut det skuleåret inntaket er gjort.
· Oppseiing av plassen må vera skriftleg, og skal sendast skulen. Oppseiing må som hovudregel vera komen til skulen innan 1. i månaden før barnet sluttar. Dersom plassen vert sagt opp etter 1.april, må ein likevel betala for resten av driftsåret.
· Endring av opphaldstida i skuleåret må meldast skriftleg med minst to vekers varsel.

Dersom det er ting de lurer på, kan de ta kontakt med rektor ved skulen til barnet dykkar.

Me håpar på eit godt samarbeid til beste for barna i SFO!

Med helsing


Rektor Nordbygda skule                        
Rektor Gjerde skule   
                           

 

 

 

 

Gå til toppen av sida

Gå til startsida til kommunen

Utskriftsvennleg versjon av sida